Takk for samarbeidet !

Takk for samarbeidet !

Otteraaens Brugseierforening(OB)  fekk hyggjeleg besøk av Knut P Sandnes denne veka, som på vegne av grunneigarane i Sandnes og Åraksbø ville takke for godt samarbeid vedr. rehabilitering med dam Hovatn. Damarbeidet vart utført i 2011 med finpuss av riggområder og oppgrusing av bomvegen til dam Hovatn i 2012.

OB og grunneigarane  har også ordna opp i ein del eigedomsforhold i samband med dette prosjektet.

OB v/ daglig leiar Reidar Ove Mork samt Ole Morten Egeland og Gjermund Espetveit fekk som gåve ei fin bok om riksveg 9 av forfattar Reidar Tveito.

.Knut P og Reidar Ove og Ole Morten

Biletet viser Ole Morten Egeland, Knut P Sandnes og dagleg leiar i OB Reidar Ove Mork

Gjermund Espetveit var fotograf

Faktaopplysning dam Hovatn:

Dammen er ein 170 meter lang tømmerkistedam med eit 82 meter langt, fritt betongoverløp i vestre landfeste. Største damhøyde er 6,5 mreter.Nedstraums skråning er av murte steinblokker.

Ombygging av dam Hovatn: Den eksisterende dammen vart ombygd med sprengt stein. Eksisterande betongplate er framleis tetning i dammen. Denne plata vart innbygd med ei 0,5 m tykk sone av finsprengt masse. Plastringa og topp dam er ei 2 m tykk sone. Resten av volumet er komprimert sprengstein, sams masse. Mot flaumløpet avsluttast  fyllingsdammen mot ein vertikal betongvegg.

Totalt volum sprengstein ca 10000m3

Hovatn er inntaksmagasin for Hovatn kraftverk

Skriv en kommentar

Du må være logget inn for å kommentere.